170514 - Kjuker på 17. Mai


På veg opp til Skjerdingen skimta eg ei kjuke nedanfor skogsvegen. Eg tenkte eg måtte sjekke den ut då eg kom ned.
Det gjorde eg og kva oppdaga eg? BONANZA!
Kjuke over alt og nokre av dei beste eg har sett på veldig lenge.
Eg gjekk nedover skogen og såg først berre små kjuker.



Men so stod eg plutselig ansikt til ansikt med dette misfosteret.
Kva i all verden har skjedd her?
 Treet den sat på var dekt av kjuker.
Men då eg snudde meg nedover fekk eg sjå eit tre som var heilt sjukt.
Mange kjemestore kjuker på eit tre. Aldri før har eg sett noko slikt her omkring.
Det var tett før eg kvinte som ein jentunge, men eg tok meg saman.
Sjekk desse kjukene då!






Holy maloney!
Den beste kjukedagen nokon gong!
Eg såg også fleire hundre småkjuker rundt omkring.
Og nedover i skogen glimra det i kjuker alle stader. Eg må tilbake hit.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar