030514 - Vikaelva

I dag hadde eg planlagt å gå opp Frostadtinden, men det vart sjølvsagt elendig ver og eg gadd ikkje gå i regn og snøv. Derfor vart det plan B. Eg tok ein kjuketur opp langs elva som på kartet blir kalla Vikaelva. Har aldri hørt nokon nevne den ved det namnet, men eg stolar på karta. Det var både regn og snøv der også, men ikkje so gale.

Fram på reset var det veldig ufjølgt.

Derfor for eg heim og gjekk over til Vikaelva.
På vegen dit såg eg ei ny kjuke med ein gong. Det er ein sikker kjukeplass.


I går kveld var eg fram med Bent og spela "Det Fiktive Sektspelet" i lag med Bent og Kristian. På veg heim tenkte eg på kjuker og kom på at ein gong i oldtida, so såg eg og Kristian ei diger kjuke ved ein kulp me brukte å vere. Eg hugsa ikkje heilt kvar den var, men i Vikaelva var den vertfall.
Eg kom til desse gamle murane og då hugsa eg vegen vidare og gjekk rett til den plassen eg hadde tenkt på.

Ingen kjuker der og treet eg hugsa dei sat på var berre ein roten stubbe. Trist.

Eg gjekk oppover elva. Det var litt spennande med juv og bratte bakkar, men eg kom meg oppover og såg til og med ei kjuke oppe i ei overgrodd ur.
Etter kun kort tid kom eg til denne konstruksjonene. Ei demning med brønn.


Eg gjekk over dammen for å ispisere brønnen.

Eg tok eit bilete med blits ned i brønnen fordi det var for mørt til å sjå noko.
Då eg sjekke bilete såg ikkje noko interessant, men rett før eg slo av kameraet såg eg likavel noko i eine hjørnet.

Eg sjekka ein gong til og kva såg eg der?

Ei knuskkjuke.

Eg tok meg ein god latter. Av alle plassar eg har funne kjuker er dette den raraste.

Eg såg meg rundt for å finne ein plass å komme meg lenger opp då eg fekk auge på to kjuker. Eg forhasta meg litt og sprang nesten med anletet først rett inn i ein piggtråd. Eg klarte å stoppe akkurat tidsnok.
Fekk meg til å tenke på den gongen Baine og Mac skulle snike seg inn på ein vaktpost og nesten sette av ei mine.

Men eg kom meg forbi og opp til kjukene.


Eg gjekk langs elva ei stund til, men det starta å hagle, so eg gjekk inn i skogen og sette meg under ei diger bjørk. Eg hadde med meg kakao og tok ein kopp der.
So gjekk eg heimover, men då starta det å striregne og eg gjekk mot ein plass eg viste det var ly.
Her sat eg ei stund og venta på at regnet skulle slutte.

 Det vart blå himmel og eg for heim.
På vegen såg eg ei siste kjuke.
Minikjuke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar