091113 - Reiten

Eg skogar ein del fram på Reiten og der ser eg mykje slike kjuker som svermar over bjørketre. Snodige greier.

261013 - Hagesætra


Marit og eg var ein tur på Hagesætra. Der såg me fleire tre som var dekt med kjuker og nokre andre kjuker som var meir åleine.

161013 - Megakjuke i Fremmerholen

Eg var i Fremmerholåsen og gjorde nokre oppmålingar då eg kom over denne kjuka. Den var kjempestor og heilt sikkert den største eg har sett på fleire år.

110813 - Grasdalsfjellet

Eg var på fjelltur til Grasdalsfjellet. Der såg eg ein god del kjuker og anna sopp.

160613 - Skjerdingen

Eg var på Skjerdingen, men eg fekk ikkje sett meg so mykje rundt på grunn av at eg blei terrorisert av fluger, men eg såg vertfall to tre med kjuker på.
Desse såg eg opp i skogen like før skoggrensa. Dei var ganske stor og hang høgt opp.
Denne såg eg rett at med skogsvegen ca 500 meter frå hovedvegen.

300513 - Remmefjellet

Då eg skulle på Urfjellet såg eg desse kjukene rett ved vegen opp til Remmefjellet. Dei sat på eit nedsaga tre.

190513 - Hofsetsætra

Eg var ein tur på Hofsetsætra. På vegen over frå Ulsatsætra såg eg desse kjukene.
På veg opp til Ulstasætra seg eg dette treet nedom vegen. Det var fullt av kjuker. Eg har sett fleire slike tre der før, men ikkje akkurat dette.
Ned frå Hofsetsætra såg eg også dette treet dekt av kjuker. Det stod langt ned i eit juv, men eg fekk zooma inn.
Denne kjuka låg på eit dødt tre nesten nede.

160513 - Vadset

På veg heim frå jobb såg eg desse kjukene ned ved elva på Vadset.
Dei sat på ei nedsaga bjørk heilt på elvebredda.



250413 - Vestresætra

Eg var på Vestresætra for å gjere frå meg fjelltrimmen. Der såg eg jammen nokre nye kjuker.








180413 - Tunga

Eg var på kjukesafari bort på Tunga. Det er ikkje mange kjuker der, men eg fann nokre nye eg ikkje hadde sett før.