071214 - Kjuker i Trolldalen

Då eg gjekk gjennom Trolldalen på veg til Tennfjord for å hente bilen min, såg eg kjuker rett ved vegen.
Rart eg adri har sett dei før.

201114 - Kjukebloggen

I dag sat eg og leste om kjuker på verdsveven då eg plutselig kom over ein anna kjukeblogg.

http://kjukebloggen.blogspot.no/

Kva i alle dager er dette slags menneske?
Det er lenge sidan denne sida har blitt oppdatert, men det er heilt tydlig ein kjukenerd som står bak.,

Dette hadde eg aldri trudd eg skulle sjå.

201014 - Kjuker i USA

Kjukesentralen si spesialutsending til USA, Marit, har sendt rapport med nye kjuker ho har sett:

061014 - Meir kjuker på Vadset


Eg har sett kjuker i skogen på Vadset frå bilen fleire gonger, men eg har spart dei. I dag tenkte eg det var greit å sjekke dei ut, sidan det ikkje var so langt å gå.

020914 - Kvalsteinvegen

I dag var eg ut på Ellingsøya på eit oppdrag i Kvalsteinvegen. Der såg eg desse snodige kjukene på ei gamal bjørk.
Rart.

260814 - Kjuker i Storfarvegen

På tysdag var eg på Ellingsøya og gjorde eit lite oppdrag i Storfarvegen. Der såg eg ein bjelke med kjuker på.

200814 - Kjuker ved Bunnpris

I dag var eg på eit oppdrag ved Bunnpris i Prestekrysset.
Der såg eg ei kjuke.
Knuskkjuke på bjørk som vanlig.
Ganske fin kjuke, men den såg litt rufsete ut.

030814 - Sopptur i lag med Elsa

På ettermiddagen var Elsa og eg var bort i skogen og leita etter sopp. Elsa var glad for det..eg var meir lei.

300714 - Kjuker på fjernsynet

Eg såg eit matprogram om to grådige italienera. Bak han eine såg eg eit tre med rare kjuker på. Bra program.

270614 - Kjuketur på Ramnfloget

Eg var på Ramnfloget og gjekk ned gjennom dette skaret.
Det vart litt bratt, men eg såg nokre kjuker.

160614 - Kjuker på fisketur


Det var dans i helga og eg vart meget fyllesjuk og full av angst. Dagen etter drog eg meg opp og var med Bjørn på fisketur

300514 - Kjuker på fiskerifestival

I dag var eg ned ved Vatnevatnet og fiska.
På vegen dit såg eg ei kjuke.

Eg såg også desse kjukene då eg samla ved til bålet.

170514 - Kjuker på 17. Mai


På veg opp til Skjerdingen skimta eg ei kjuke nedanfor skogsvegen. Eg tenkte eg måtte sjekke den ut då eg kom ned.
Det gjorde eg og kva oppdaga eg? BONANZA!
Kjuke over alt og nokre av dei beste eg har sett på veldig lenge.

110514 - Vatnevatnet

Det var strålande ver og eg var fyllesjuk og elendig. Då hjelp det kun med ein kjuketur.

080514 - Skjerdingsvatnet

Dette er den minste kjuka eg har sett. Mikrokjuke.
Det er nesten den miste oberverbare kjuka ein med mine skeive hornhinner kan sjå. Eit slags Planck-mål.

040514 - Netaskogen

Etter ølbrygginga i går var eg godt skøten sjøl, so i dag var ein tung dag. Eg tok meg ein luftetur opp i netaskogen for å sjå etter kjuker.

030514 - Vikaelva

I dag hadde eg planlagt å gå opp Frostadtinden, men det vart sjølvsagt elendig ver og eg gadd ikkje gå i regn og snøv. Derfor vart det plan B. Eg tok ein kjuketur opp langs elva som på kartet blir kalla Vikaelva. Har aldri hørt nokon nevne den ved det namnet, men eg stolar på karta. Det var både regn og snøv der også, men ikkje so gale.

010514 - Kjuke på OS

Etter eit tips frå Bjørn, so var eg og Marit utom Os og fann denne kjuka like ved vegen.

010514 - Kjukebesøk frå USA

Marit som bur i Rochester, New York, har sendt meg dette bilete av kjuker ho såg der.
Kult!

100414 - Tunga

Denne kvelden tok eg meg ein kjuketur ned på tunga. Eg veit frå før at der ikkje er mykje kjuker, men eg fann nokre til slutt.

090414 - Ny oppdatering på Kjukesentralen

Sida Om Kjuker er under ombygging og vil i løpet av nokre veker bli mykje betre enn den har vore.
Ta ein tur inn for å sjå kva som har skjedd til no.

060414 - Hoppbakken

Elsa og eg var på ein liten kjuketur bort i hoppbakken. Mange nye kjuker blei observert der.

060414 - Kjuker på Grisevegen

I dag gjekk eg i lag med ho Elsa opp forbi grisevegen og der såg me desse kjukene som sat på ei lita bjørk der.

Litt seinare såg eg dette treet ut i Fiksdalen som var fullt av store kjuker. WOW!

090214 - Kjuketur i eiaskogen

I dag var eg på kjuketur oppi eiaskogen i lag med Bjørn og hunden Sharex.
Dei hadde ikkje vore på kjuketur før, men det viste seg at han Bjørn hadde veldig bra kjukesyn og såg veldig mange nye kjuker. Kjemefin kjuketur med andre ord.

190114 - Vestresætra


Eg såg desse kjukene på veg opp til Vestresætra. Ikkje dei heilt store, men dei låg omtrent midt i råsa.