300514 - Kjuker på fiskerifestival

I dag var eg ned ved Vatnevatnet og fiska.
På vegen dit såg eg ei kjuke.

Eg såg også desse kjukene då eg samla ved til bålet.

170514 - Kjuker på 17. Mai


På veg opp til Skjerdingen skimta eg ei kjuke nedanfor skogsvegen. Eg tenkte eg måtte sjekke den ut då eg kom ned.
Det gjorde eg og kva oppdaga eg? BONANZA!
Kjuke over alt og nokre av dei beste eg har sett på veldig lenge.

110514 - Vatnevatnet

Det var strålande ver og eg var fyllesjuk og elendig. Då hjelp det kun med ein kjuketur.

080514 - Skjerdingsvatnet

Dette er den minste kjuka eg har sett. Mikrokjuke.
Det er nesten den miste oberverbare kjuka ein med mine skeive hornhinner kan sjå. Eit slags Planck-mål.

040514 - Netaskogen

Etter ølbrygginga i går var eg godt skøten sjøl, so i dag var ein tung dag. Eg tok meg ein luftetur opp i netaskogen for å sjå etter kjuker.

030514 - Vikaelva

I dag hadde eg planlagt å gå opp Frostadtinden, men det vart sjølvsagt elendig ver og eg gadd ikkje gå i regn og snøv. Derfor vart det plan B. Eg tok ein kjuketur opp langs elva som på kartet blir kalla Vikaelva. Har aldri hørt nokon nevne den ved det namnet, men eg stolar på karta. Det var både regn og snøv der også, men ikkje so gale.

010514 - Kjuke på OS

Etter eit tips frå Bjørn, so var eg og Marit utom Os og fann denne kjuka like ved vegen.

010514 - Kjukebesøk frå USA

Marit som bur i Rochester, New York, har sendt meg dette bilete av kjuker ho såg der.
Kult!