170916 - Nytt kjuketips frå publikum

I dag fekk eg via Facebook inn eit kjuketips frå Henrik.
Han hadde sett at heilt i starten på denne musikkvideoen, so har Ozzy med seg ei kjuke.
Kjekt å sjå at der er kjukefans blant dei rike og berømte også.

260816 - Kjuketrøbbel

Ja no blir det ikkje kjuketur på ei stund.
Eg har sjølvsagt brote foten og set på stova mi og lengtar etter kjukeskogen.

220516 - Kjuker i Sagåna

Det er fullt mogleg eg har lagt ut desse kjukene før, men det var komt mange fleire enn sist eg såg dei.
Dei sat på det nedbrente skuret fram i Sagåna.

040516 - Kjuker på Ellingsøya

Eg var på Ellingsøya og jobba då eg såg desse kjukene ved matbuda på Røysethaugen.

020516 - Kjuker i Nigarden

I dag gjekk eg ein tur heimafrå og fram i Nigarden. Der for eg å vimsa rundt om granfelta og leita etter kjuker.
Var der i nokre timar og såg fleire nye kjuker.

290416 - Ny kjukeaspirant

Hedda og eg var på ein liten kjuketur. Ho var litt skeptisk til kjuker og meir interessert i eit rådyr, men eg trur ho blir omvendt snart.

170416 - Min eigen kjukehage


I dag var eg ned med vatnet rett nedanfor huset mitt.
Der såg eg at kjuker hadde slått seg ned på nokre stubbar eg saga ned då eg rydda tomta mi.
veldig spennande å følge med på desse framover.