230518 - Oppdatering frå kjukehagen

Ja eg kom med nedom huset og fekk inspisert kjukene mine.
Det stod ikkje stridt til med alle, men nokre hadde det bra.
Desse kjukene var ikkje meir.

140317 - Kjuker i bok

Eg har ei bok eg les på do. Den handlar om trearbeid. Det er ikkje so lett med tysk osv, men no har eg komt meg litt ut i kapittel 2.

Å trur du jaggu meg ikkje at der er eit heilt avsnitt om kjuker og anna skogsopp.

220217 - Skothaugen

I dag var eg ved Skothaugen og fekk sjå desse kjukene. Litt vanskelig lys, so bildet blei litt dårlig.

160217 - Kjuker frå publikum

Kjukeagent i felt, Bjørn Farstad,  sendte dette bilete av fine kjuker i Langevågen

150217 - Kjukekikkert

Eg sat heime og tenkte på kjuker, som vanlig, då eg kom på det.

Om ikkje eg kan komme meg til kjukene, so kan dei kanskje komme litt nærmere meg.

Eg har gått til anskaffelse av ein kjukekikkert.

270117 - Kjuker på Oksneset

Var på Valderøya i jobbsamanheng. Der såg eg desse kjukene i ein hage på Oksneset.

210117 - Nytt Kjukeår med nye kjuker


I dag var eg på ein gåtur for å trene foten min, då eg såg dette kjuketreet i Øvstebygda.
Mange fine kjuker: