300714 - Kjuker på fjernsynet

Eg såg eit matprogram om to grådige italienera. Bak han eine såg eg eit tre med rare kjuker på. Bra program.

270614 - Kjuketur på Ramnfloget

Eg var på Ramnfloget og gjekk ned gjennom dette skaret.
Det vart litt bratt, men eg såg nokre kjuker.

160614 - Kjuker på fisketur


Det var dans i helga og eg vart meget fyllesjuk og full av angst. Dagen etter drog eg meg opp og var med Bjørn på fisketur

300514 - Kjuker på fiskerifestival

I dag var eg ned ved Vatnevatnet og fiska.
På vegen dit såg eg ei kjuke.

Eg såg også desse kjukene då eg samla ved til bålet.

170514 - Kjuker på 17. Mai


På veg opp til Skjerdingen skimta eg ei kjuke nedanfor skogsvegen. Eg tenkte eg måtte sjekke den ut då eg kom ned.
Det gjorde eg og kva oppdaga eg? BONANZA!
Kjuke over alt og nokre av dei beste eg har sett på veldig lenge.