Dette er den minste kjuka eg har sett. Mikrokjuke.
Det er nesten den miste oberverbare kjuka ein med mine skeive hornhinner kan sjå. Eit slags Planck-mål.
040514 - Netaskogen
Etter ølbrygginga i går var eg godt skøten sjøl, so i dag var ein tung dag. Eg tok meg ein luftetur opp i netaskogen for å sjå etter kjuker.
030514 - Vikaelva
I dag hadde eg planlagt å gå opp Frostadtinden, men det vart sjølvsagt elendig ver og eg gadd ikkje gå i regn og snøv. Derfor vart det plan B. Eg tok ein kjuketur opp langs elva som på kartet blir kalla Vikaelva. Har aldri hørt nokon nevne den ved det namnet, men eg stolar på karta. Det var både regn og snøv der også, men ikkje so gale.
100414 - Tunga
Denne kvelden tok eg meg ein kjuketur ned på tunga. Eg veit frå før at der ikkje er mykje kjuker, men eg fann nokre til slutt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)