161013 - Megakjuke i Fremmerholen

Eg var i Fremmerholåsen og gjorde nokre oppmålingar då eg kom over denne kjuka. Den var kjempestor og heilt sikkert den største eg har sett på fleire år.

110813 - Grasdalsfjellet

Eg var på fjelltur til Grasdalsfjellet. Der såg eg ein god del kjuker og anna sopp.

160613 - Skjerdingen

Eg var på Skjerdingen, men eg fekk ikkje sett meg so mykje rundt på grunn av at eg blei terrorisert av fluger, men eg såg vertfall to tre med kjuker på.
Desse såg eg opp i skogen like før skoggrensa. Dei var ganske stor og hang høgt opp.
Denne såg eg rett at med skogsvegen ca 500 meter frå hovedvegen.

300513 - Remmefjellet

Då eg skulle på Urfjellet såg eg desse kjukene rett ved vegen opp til Remmefjellet. Dei sat på eit nedsaga tre.

190513 - Hofsetsætra

Eg var ein tur på Hofsetsætra. På vegen over frå Ulsatsætra såg eg desse kjukene.
På veg opp til Ulstasætra seg eg dette treet nedom vegen. Det var fullt av kjuker. Eg har sett fleire slike tre der før, men ikkje akkurat dette.
Ned frå Hofsetsætra såg eg også dette treet dekt av kjuker. Det stod langt ned i eit juv, men eg fekk zooma inn.
Denne kjuka låg på eit dødt tre nesten nede.

160513 - Vadset

På veg heim frå jobb såg eg desse kjukene ned ved elva på Vadset.
Dei sat på ei nedsaga bjørk heilt på elvebredda.