110813 - Grasdalsfjellet

Eg var på fjelltur til Grasdalsfjellet. Der såg eg ein god del kjuker og anna sopp.

Opp råsa mot litlevatnet var trea fulle av slike små runde kjuker. Snodige saker.
Skogen som er mellom Beiteskaret og travbana er prima kjukeskog, men sist eg var der såg eg ingenting.

No fann eg mange tre som var heilt dekt av kjuker.


Eg såg også mange andre typar sopp.
Dei bryr eg meg ikkje so mykje om, men ho Elsa ville ha nokre til middag.
Eg såg ikkje nokon sopp som eg veit er til mat, so eg plukka dei ikkje.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar