270117 - Kjuker på Oksneset

Var på Valderøya i jobbsamanheng. Der såg eg desse kjukene i ein hage på Oksneset.

210117 - Nytt Kjukeår med nye kjuker


I dag var eg på ein gåtur for å trene foten min, då eg såg dette kjuketreet i Øvstebygda.
Mange fine kjuker:

170916 - Nytt kjuketips frå publikum

I dag fekk eg via Facebook inn eit kjuketips frå Henrik.
Han hadde sett at heilt i starten på denne musikkvideoen, so har Ozzy med seg ei kjuke.
Kjekt å sjå at der er kjukefans blant dei rike og berømte også.

260816 - Kjuketrøbbel

Ja no blir det ikkje kjuketur på ei stund.
Eg har sjølvsagt brote foten og set på stova mi og lengtar etter kjukeskogen.

220516 - Kjuker i Sagåna

Det er fullt mogleg eg har lagt ut desse kjukene før, men det var komt mange fleire enn sist eg såg dei.
Dei sat på det nedbrente skuret fram i Sagåna.

040516 - Kjuker på Ellingsøya

Eg var på Ellingsøya og jobba då eg såg desse kjukene ved matbuda på Røysethaugen.

020516 - Kjuker i Nigarden

I dag gjekk eg ein tur heimafrå og fram i Nigarden. Der for eg å vimsa rundt om granfelta og leita etter kjuker.
Var der i nokre timar og såg fleire nye kjuker.