170916 - Nytt kjuketips frå publikum

I dag fekk eg via Facebook inn eit kjuketips frå Henrik.
Han hadde sett at heilt i starten på denne musikkvideoen, so har Ozzy med seg ei kjuke.
Kjekt å sjå at der er kjukefans blant dei rike og berømte også.

260816 - Kjuketrøbbel

Ja no blir det ikkje kjuketur på ei stund.
Eg har sjølvsagt brote foten og set på stova mi og lengtar etter kjukeskogen.

220516 - Kjuker i Sagåna

Det er fullt mogleg eg har lagt ut desse kjukene før, men det var komt mange fleire enn sist eg såg dei.
Dei sat på det nedbrente skuret fram i Sagåna.

040516 - Kjuker på Ellingsøya

Eg var på Ellingsøya og jobba då eg såg desse kjukene ved matbuda på Røysethaugen.

020516 - Kjuker i Nigarden

I dag gjekk eg ein tur heimafrå og fram i Nigarden. Der for eg å vimsa rundt om granfelta og leita etter kjuker.
Var der i nokre timar og såg fleire nye kjuker.

290416 - Ny kjukeaspirant

Hedda og eg var på ein liten kjuketur. Ho var litt skeptisk til kjuker og meir interessert i eit rådyr, men eg trur ho blir omvendt snart.