090414 - Ny oppdatering på Kjukesentralen

Sida Om Kjuker er under ombygging og vil i løpet av nokre veker bli mykje betre enn den har vore.
Ta ein tur inn for å sjå kva som har skjedd til no.

060414 - Hoppbakken

Elsa og eg var på ein liten kjuketur bort i hoppbakken. Mange nye kjuker blei observert der.

060414 - Kjuker på Grisevegen

I dag gjekk eg i lag med ho Elsa opp forbi grisevegen og der såg me desse kjukene som sat på ei lita bjørk der.

Litt seinare såg eg dette treet ut i Fiksdalen som var fullt av store kjuker. WOW!

090214 - Kjuketur i eiaskogen

I dag var eg på kjuketur oppi eiaskogen i lag med Bjørn og hunden Sharex.
Dei hadde ikkje vore på kjuketur før, men det viste seg at han Bjørn hadde veldig bra kjukesyn og såg veldig mange nye kjuker. Kjemefin kjuketur med andre ord.

190114 - Vestresætra


Eg såg desse kjukene på veg opp til Vestresætra. Ikkje dei heilt store, men dei låg omtrent midt i råsa.

010114 - Vatnekyrkja

Eg såg denne kjuka i dag. Den sat på eit tre ved gangfeltet forbi kyrkja.

091113 - Reiten

Eg skogar ein del fram på Reiten og der ser eg mykje slike kjuker som svermar over bjørketre. Snodige greier.