I dag fekk eg via Facebook inn eit kjuketips frå Henrik.
Han hadde sett at heilt i starten på denne musikkvideoen, so har Ozzy med seg ei kjuke.
Kjekt å sjå at der er kjukefans blant dei rike og berømte også.
Det er fullt mogleg eg har lagt ut desse kjukene før, men det var komt mange fleire enn sist eg såg dei. Dei sat på det nedbrente skuret fram i Sagåna.
I dag gjekk eg ein tur heimafrå og fram i Nigarden. Der for eg å vimsa rundt om granfelta og leita etter kjuker.
Var der i nokre timar og såg fleire nye kjuker.
I dag var eg ned med vatnet rett nedanfor huset mitt. Der såg eg at kjuker hadde slått seg ned på nokre stubbar eg saga ned då eg rydda tomta mi. veldig spennande å følge med på desse framover.
Halloy kjukefans.
Det har vore ei lang kjukepause pga eit prosjekt eg har hatt, men no har eg endelig tid til ein kjuketur i ny og ne.
Her er den nyaste:
Marit vart med på ein kjuketur fore eg hadde fått rapportar om kjuker i Ålesund.
På vegen stoppa me på Kverve for å varme litt opp med nokre kjuker eg har sett i frå bilen der.