Det var strålande ver og eg var fyllesjuk og elendig. Då hjelp det kun med ein kjuketur.
Eg gjekk heimafrå og bort i Ravnfloget forbi Vatnevatnet og opp til Vatnehagen og henta bilen min.Skogsvegen
Eg gjekk lenger opp mot fjellet enn eg har brukt før. Det var bra for eg såg mange nye kjuker og andre ting eg likte.
Eg gjekk opp mot ei ur då eg skulle ta tak i denne stammen for å hjelpe meg opp. Den gjekk rett av og eg fekk heile stammen rett i planeten. AU.
Men der sat ei kjuke på den, so då var det greit.
Denne bjørka minner meg om menisken min.
Fasinerande!
Eg klarte heller ikkje denne turen å unngå skader. Et tryna rett i ein stein då eg snubla i denne laupestrengen.
FZ50 |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar